HUSEBY SKOLE
Trondheim kommune
 


      I denne kronikken i Adresseavisen finner vi en omtale av 9As bokprosjekt

Adresseavisen 25.05.04
Opphavsrett og raudblyant

På skolen i tredje klasse skriv Tom på åtte år:
«krig er farlig grig ødleger jora vår krig drepper menesker de bruker atonvåpen også enkelte menesker har ikke mat i det hele tatt å har ikke nå hus å bo i hele i ulandene har de ikke vann heler ikke bill heller å må bare brukke tømerståker till bill...»
Tekst: Adresseavisen
av SYNNØVE MATRE, Førsteamanuensis ved HIST,
avdeling for lærarutdanning og teiknspråk.

Tom skriv med stort engasjement og alvor. Det er sterke tankar han formidlar.

I norsk skole har vi ein lang tradisjon for å møta barn og unge sine tekstar med raudblyant. Vanlege lærarkommentarar er: Dette var bra, men hugs at bil skrivest med ein l. Eller: Fint, men hugs punktum og stor bokstav. Lengre opp i klassane blir det gjerne: Du kan betre. 7 feil.

Vi tar imot tekstane til barna som øvingsstykke i rettskriving. Når Jon Fosse derimot har skrive ein ny tekst, forstår vi alle at vi ikkje kan lesa teksten hans med retteblyant og føreslå endringar - sjølv om han gjentar seg aldri så mykje. Det same gjeld Kjartan Fløgstad, sjølv om han skriv ein heil roman utan avsnitt; eller Dag Solstad som i lange periodar ikkje set punktum og heller ikkje alltid bryr seg med stor bokstav.

Vi viser også respekt for Håkon Bleken og Håkon Gullvåg si bilet-ytring på Svartlamoen, veggbiletet skapt i djupt alvor og indignasjon, for å hindra riving av dei gamle bustadane. Som etablerte kunstnarar fekk uttrykket deira ekstra makt. Opphavsretten gjorde det vanskeleg å riva bilete - og hus. Denne lovfesta retten skal verna personar som har ytra seg, og produkta deira. Han formidlar krav om respekt for ytringar skapte med eit visst minimum av individuell åndsinnsats, som det heiter.

Men når og kor byrjar denne respekten? Må ein ha blitt akseptert på haustutstillinga for å kunna nyta godt av opphavsretten? Må teksten ha passert nålauga til konsulentar i forlag? Eller startar respekten ved barn som har skapt ein tekst eller ei anna ytring i djupt alvor?

No er det rettnok slik at barn ikkje alltid involverer seg like sterkt i alle tekstane sine. Av og til har dei det for travelt med å koma seg på fotballtreninga og rekk ikkje meir enn fire setningar. Andre gonger ønskjer læraren noko anna enn eleven. Men oftast så skriv barn i djupt alvor. Dei vil noko med tekstane sine. Dei øver seg ikkje berre. Det gjeld 13-årige Lise som skriv dikt: «Eg smila til deg / og du lo berre. / Eg snakka til deg / og du lo berre. / Eg sa at eg var glad i deg. / Du lo berre. / Det rann tårar på kinna mine / og du lo berre. / Kvifor lo du?» Og det gjeld sju år gamle Tore som lovprisar våren: «eg kan sykle og eg kan ver i hyta mi og eg kan spikre hytami ferd ig og eg kan sole meg og ha pleimon ute og legon ute eg kan bade i vanspreder og den hyta mi er atme varandan og biene kjem at og når eg voknar da hørar jeg fugle san ga og det blir lysere og is og snøen smeltar og så kan eg plok en blomster og kansje eg kan få ein is.»

Slike tekstar møter vi ikkje med ordliste og grammatikk. I staden spør vi: Kva er det Lise og Tore vil seia oss? Det handlar om respekt for barna, respekt for skaparevna deira. Vi syndar ofte mot det eg gjerne vil kalla barns opphavsrett.

Alle vi som skriv veit kor sårbare vi er når vi gir frå oss ein tekst. Vi er redde. Det er ein bit av oss sjølve vi gir frå oss. Vi blir glade når teksten har gitt andre noko å tenkja på.

Vi må visa at vi set pris på det ungar skaper. Det gjer vi ved at vi tar resonnementa og meiningane deira på alvor, at vi spør når det er noko vi ikkje skjønar, at vi rosar godt språk og kjem med råd når formuleringar og rettskriving skurrar. Slik inspirerer vi til nye tekstar skapte i djupt alvor. Slik skaper vi gode skrivarar, trygge språkbrukarar som liker å uttrykkja seg og som torer å bruka stemma si offentleg, sjølv om «plassera» skulle vera skrive med ein s og «aldri» har fått hengt på seg ein unødvendig g.

9A ved Huseby ungdomsskole har nyleg vist at tiltru til barns skriveevne gir resultat. Midt i mai lanserte dei boka med den flotte tittelen «Englehår og kråketær» der alle ungdommane i klassen bidrar med eigne litterære tekstar. I Kulturbeite på NRK P2 omtala biblioteksjefen i Trondheim ungdommane som modige. Det er modig å publisera tekstar under fullt namn. Boka er bygt opp kring metaforane 'fotfeste' og 'reise'. Å leita for å finna dei rette uttrykka og skapa den rette forma er som ei reise for å finna fotfestet sitt, seier dei i føreordet. Det er vel dette all skriving, ja, all språkbruk handlar om; å forstå seg sjølv og verda betre. Slikt arbeid krev respekt.
                                                                            Kilde: Adressa.no

synnove.matre@alt.hist.no


 

TRONDHEIM KOMMUNE  • Huseby skole         • 7004 Trondheim
 Tlf.  72 54 80 31
            • Faks: 72 54 80 35  E-post til skolen
 

Webm:
Ove P.Hellberg